Biokol

Jordforbetring og karbonfangst på same tid

– gir luftigare struktur på jorda
– suger til seg fukt og held på vatn
– mørkare jord tek til seg solvarme
– aukar den mikrobiologiske aktiviteten i jorda
– aukar næringsopptaket hjå plantene
– hindrar utvasking av næringsstoff

I hagen vil bioaktivert trekol vera med på å bygge opp ein naturleg, permanent
grøderikdom i jordsmonnet. og har betydeleg korttids‐ og langtids‐effekt.

God Jord har ei rekkje ulike biokolprodukt, både reint biokol som tilsett mikrobar, ferdig Terra Preta som er klar til å blande i jorda, og Alt‐i‐eitt, der du sjølv kan lage store blandingar til din hage.