God Jord Premium Plus Biokol

245 kr

Jordforbetring og karbonfangst på same tid gir luftigare struktur på jorda.

God Jord Premium Plus Biokol er aktivert med EM (effektive mikrobar), elles kjent som Bokashi. Dermed vil biokolet binde næringsstoff, så som nitrogen, fosfor, kalium, kalsium og magnesium. Med God Jord Biokol som Bokashi‐strø, får du tilnærma luktfri Bokashi! God Jord Terra Preta kjem i lett handterbare sekker på 20 liter.

På lager

AntallPris pr. stk.
1 245 kr
2 275 kr
3+ 250 kr
Varenummer: 4001 Kategori:

Premium Pluss Biokol

‐ er svært finmalt for å oppnå så stor overflate som råd, faktisk så mykje som 500m2 /gram   Den store overflata lagar eit stort areale for mikrobar å kolonisere. I tillegg får dette biokolet ein unik absorbering av både vatn og næringsstoff.


EM Aktivert biokol
God Jord Premium Pluss Biokol er aktivert med EM (effektive mikrobar), elles kjent som Bokashi. Dermed gjer dette biokolet same nytte som bokashi‐strø. I tillegg fjernar kolet  størstedelen av lukta.

Biokol kan samanliknast med eit korallrev i havet, då mikrobane finn husly inne i porene i kolet. Dette er ein svært attraktiv bustad for mikrolivet, og mikrobane vil foretrekkje å «flytte inn» i biokolet. På grunn av dette må biokolet ladast med både næringsstoff og mikrobiell aktivitet føreåt.   Blir ikkje dette gjort, vil biokol virke som ein negativ gjødsel inntil kolet er metta. Det er ingen katastrofe, for med tida vil det jamne seg ut. Det er berre skuffande å oppleve motsette effekt av forventa.


Korleis skal ein lade biokolet?

Her er det mange måtar å gå fram på, utifrå kva ein har til rådvelde.   Hovudsaka er å bruke nitrogenrik gjødsel, anten det er kumøkk, hønsegjødsel eller anna. Rikeleg med vatn vil gjera det lettare for mikroorganismane å finne fram. Sjølv brukar eg å tilsetje biokol under komposteringsprosessen, slik at mikrobar og næringsstoff har god tid til å «erobre» biokolet.

 

Biokol og bokashi
God Jord Premium Pluss Biokol er tilsett EM, og kan brukast som bokashi‐strø. I tillegg er det vera ein fordel å legge eit lag biokol i botnen av bokashibøtta. Det vil då suge til seg overskottsveske, samstundes som biokolet blir lada.

 

Biokol og brenneslevatn
Brenneslevatn er ein av dei mest effektive gjødselvariantane som finst. Brennesle er ei svært næringsrik plante som i tillegg inneheld veksthormonet Auxin. Du kan lese meir om dette i ein spennande artikkel på bloggen Datsja. Ei ulempe med brenneslevatn er ein aldeles forferdeleg lukt – såpass at mange vegrar seg for å bruke dette. Vi har fått tilbakemelding på at ved å tilsette God Jord biokol saman med brennesla, så blir luktproblemet betydeleg redusert. God Jord Premium Pluss Biokol blir levert i 20 liter sekkar, med kvantumsrabatt ved kjøp av fleire sekkar.

 

Vekt5.5 kg
Dimensjoner12 × 12 × 2 mm