Kon-Tiki

-den enklaste måten
å lage biokol på 

Alle 3 Kon-Tiki
Vi har tre ulike storleikar på Kon-Tiki omnane

Kon-Tiki

Å lage trekol er inga ny oppfinning, men å effektivt lage høgkvalitets trekol krev noko meir omtanke. Dei gamle måtane å lage trekol på er både ineffektive, arbeidsame, forureinande og gir ujamn kvalitet. Ein typisk kolmile laga frå 8-18 % trekol, medan med nyare metodar kan ein oppnå nærare 30% resultat.

Kon-Tiki-patentet er utvikla av Hans-Petter Schmidt frå Sveits. Namnet Kon-Tiki er til ære for Thor Heyerdal. På same måte som at han fann attgløymde sivilisasjonars teknologiar, så er bruken av biokol ei nyoppdaging av gløymd kunnskap.

Teknologien
I sin enklaste form kan teknologien oppsummerast på følgjande måte: sideveggane har ei helling på 63,5 grader. Dette gjer at flammearealet er større enn den underliggande tremassa. Strålevarmen frå forbrenninga sørgjer for ei karbonisering av treverket som ligg under.

Kon-Tiki frå Terra Magica®

God Jord har vald å satse på omnar som er spesialprodusert for Terra Magica GmBH i Tyskland. Desse omnane har ein eineståande kvalitet, og bakom utforminga ligg det ei lang historie med utprøving for å optimalisere effekten.

Ved tillaging av trekol vil vanleg stål ta skade av temperaturen. Derfor er brannkjelen på Kon-Tiki omnane laga i kjelestål av høg kvalitet. Kring brannkjelen er det eit rustfritt varmeskjold. Dette gir auka sikkerheit ved at ytterflata ikkje overstig 60°C.

Ein likså viktig faktor er at dette skjoldet skapar ei oppdrift av varmluft, som fører til ein fullstendig etterbrenning av gassane i flammene. Dette aukar temperaturen, og medfører raskare karbonisering av det underliggande treverket.

Kon-tkii prinsipp

Sløkking

Kon-Tiki Sløkking

Felles for alle desse modellane, er det unike sløkkje-systemet.

Nesten alle andre måtar å lage trekol på nyttar «Batch» - dvs. at heile partiet må brennast ferdig når prosessen først er sett i gang. Med vår Kon-Tiki-omn kan prosessen avsluttast når som helst , berre ved å vri om på ei kran og tilsette vatn. -er det slutt på vyrke? -på tide å gå i fjøset? Her er det berre å avslutte arbeidsdagen.

Det er eit mindre innløp, og eit større utløp for å hindre tetting. Dette utløpsvatnet har ein høg pH og inneheld alle mineralane frå asken. Dermed er sløkkevatnet også ein resurs som kan brukast til vatning.

Alle vipp Kon-Tiki

Tippefunksjon

Både Kon-Tiki Garten og Kon-Tiki Pro har tippefunksjon som gjer at det er enkelt å tømme det ferdige biokolet utor brannkjelen. Den store Kon-Tiki Pro har attpåtil ei utveksling som gjer jobben endå lettare.

Økonomi

Kon-Tiki er ein ypparleg måte å gjera «rask og brask» om til ein svært nyttig ressurs. Andre forbrenningsmetodar gjer anten krav på kvalitets virke som har sin eigen salsverdi, eller treflis som krev mykje handtering og arbeidsinnsats.

Dieselforbruket som går med til å produsere treflis er ei side av rekneskapen. Dersom ein i tillegg må stå i dagevis med fliskuttar, og deretter tørke og oppbevare flisa for å lage biokol, vil all økonomi i prosjektet bli borte.

Med Kon-Tiki er det berre å kaste innpå, og kolet blir til av seg sjølv!

Kon-Tiki S

Kon-Tiki S er laga til for private hageeigarar som vil kombinere det nyttige med det trivelege!

Kon-Tiki S med grilling og grill
Kon_Tiki S Brenning

Teknisk data:

Diameter: 0,80 m
Vekt: ca 40 kg
Høgd 0,70 m
Kapasitet: 100 liter
For ca 350 liter tre- og hageavfall
Utbytte av høg kvalitets, aktivert biokol ved ca 3 timars drift: ca. 70 liter
Omfattar: kjele, sokkel, vasstilkobling, tilleggsutstyr: grillrist

Kon-Tiki S

Introduksjonstilbod

Normalpris: kr.25.125 inkl. mva
Tilbod for komplett oppsett inklusivt grillelement: kr.22.125

Kon-Tiki Garten

Perfekt til små- og mellomstore bruksformål

Kon-Tiki Garten
Diameter: 1,30 m
Vekt: ca 115 kg
Høgd: 0,85 m
Kapasitet: 320 liter
For ca 1 kubikkmeter tre- og hageavfall
Utbytte av høgkvalitets, aktivert biokol ved ca 3 timars drift: ca. 250 liter

Kon-Tiki Garten er den mest anvendelege modellen. Han har eit hendig format, og kan lett takast med ut i hogstfelt eller parkanlegg. På denne måten blir kvist og greiner eller hun-ved omdanna til høgkvalitet, aktivert biokol på staden. Ein slepp ekstra handtering av skogsavfallet, og sparar dermed mange timar arbeidstid.

Dersom ein for eksempel tek med seg ein 1000 liters vasstank til sløkkinga, så kan arbeidet gjerast kor det måtte passe.

Kon-Tiki Garten er også svært prisgunstig.
Prisen for ein Kon-Tiki Garten er om lag det same som for 6 kubikkmeter biokol, dersom du må kjøpe det. Kostnaden vil dermed fort tene seg inn att.

Prisar:
Kr. 34.750
Kr.27.800 utan MVA

* prisane er rekna ut ifrå sentralager i Østfold
Tillegg for levering til andre landsdelar.
Nøyaktig frakt vil bli kalkulert ved bestilling

Innanlands fraktutrekning Kon-Tiki Garten jpg
Kon-Tiki Garten 1
Kon-Tiki Garten 2
Kon-Tiki Garten har ein hendig og praktisk format til småbruk og anleggsgartnarar  

Kon-Tiki Pro

Storebror til store oppdrag

Kon-Tiki Pro er perfekt til den som har store mengder skogsavfall og materale som ein vil gjere om til biokol. Diameteren er heile 2,4 meter, så du kan nesten hive innpå heile trær. For større gardsbruk, eller for parkvesen eller andre offentlege etat, så kan dette vera den mest prisgunstige måten å nyttegjere avfallet.

Kon-Tiki Pro kostar mindre enn 1/10 av eit automatisert pyrolyseanlegg. Det har ingen tilleggskostnader som tillaging, tørking og oppbevaring av flis. Når jobben er utført, er det berre å kople på vatn og avslutte arbeidsdagen.

dav

Trass det store formatet så kan Kon-Tiki Pro fraktast med seg dit arbeidet skal gjerast. Pyrokysekjelen har ein diameter på heile 240 cm, så med 3 timars brenning kan du produsere 2 kubikkmeter biokol!

Kon-Tiki Pro 1
Her er demonstrasjonsomnen som vi har fått inn

Teknisk data:

Kon-Tiki Pro
Diameter: 240 cm
Høgd: 2 meter
Vekt ca 850 kg
Volum brannkjele: 2000 liter
Produksjon: ca 1400 liter høgkvalitets, aktivert biokol etter ca 3 timars drift.

Kon-Tiki Pro 2
Kon-Tiki Pro har ein utveksling som lettar tøming av brannkjelen når jobben er ferdig

Prisar

Ny Kon-Tiki Pro kostar Kr.180.000
Kr.144.000 utan MVA
* prisen er rekna ut ifrå sentralager i Østfold
Tillegg for levering til andre landsdelar.
Nøyaktig frakt vil bli kalkulert ved bestilling

* prisane er rekna ut ifrå sentralager i Østfold
Tillegg for levering til andre landsdelar.
Nøyaktig frakt vil bli kalkulert ved bestilling

Tilbod!

Vi har fått inn ein omn som er brukt til demonstrasjon.
Denne kan vi tilby til kr.138.500
Kr.110.000 utan MVA
Denne står ved vårt lokale i Skammestein i Valdres

 

Innanlands fraktutrekning Kon-Tiki Pro jpg