Sopprot

(Mykorrhiza-soppar)

Ingenting i verda lever aleine; alt er i samspel med andre skapningar. Vi menneske har brukt mange århundre på å forstå korleis dette heng i hop. Med moderne landbruksmetodar er mange av desse samspela hemma. Symbiosen mellom planterøter og sopprot (Mykorrhiza) er ei av desse. 

Heldigvis finst det no metodar for å rette opp desse skadene. 

Det fyrste livet som oppsto på jordkloden var soppartar. Desse lever av mineralane i jordskorpa ved å lage syrer som løyser opp stein. Mange hundre millionar år seinare kom dei fyrste eincella organismane, og deretter gjekk det endå fleire hundre millionar år før enn fleircella organismar dukka opp. Soleis er soppar og mikroorganismar dei grunnleggjande byggesteinane for alt liv som kom seinare.  

Av soppane, så er det særleg ein type som har ei særskild rolle i forhold til plantene. Mykorrhiza – eller sopprot på norsk, koloniserer røtene til vertsplanten, og lever i symbiose med denne. (fungi er ikkje i stand til å produsere eige karbon). Mykorrhiza kan danne symbiose med mange ulike plantar, på tvers av artane, men somme er meir spesialiserte mot einskilde artar.  

Det er to hovudgrupper mykorrhiza av interesse for hagebruk: ektomykorrhiza og endomykorrhiza, og under desse er det hundrevis av artar. Å gå i detalj i dette vil gå langt utanfor rammene for denne presentasjonen. Det viktige er å forstå kva rolle denne soppen har i plantelivet. 

Mykorrhiza og næringsopptak

Mykorrhizaen legg seg kring røtene og mangedoblar næringsopptaket. Dette samspelet er ein aktiv byttehandel: vertsplanten kan gje frå seg 25% av sin sukkerproduksjon i bytte mot nitrogen og mineralar, som ifylgje enkelte kilder kan resultere i 4 til 5 gonger auka avlingar. Nibio (Norsk institutt for bioøkonomi) anslår det til å vera 5-10%.  Ein studie frå Alaska (som er eit arktisk område slik som oss) syner at ved å gje frå seg 17% av karbonet frå fotosyntesen, får planten tilbake mellom 61 til 86% av nitrogenbehovet – i tillegg til mineralar. Dette lyt ein seie er ein god byttehandel!  

Mange mineralar, til dømes fosfor, er tungt løyselege og sterkt bundne til jorda. Som fylgje av dette blir store mengder fosfor tilført i det moderne jordbruket. Lite av dette er tilgjengeleg for planten, og mykje renn dermed vekk i vassdraga. Mykorrhiza spelar ei viktig rolle i mineralopptaket hjå plantene. 

I tillegg beskyttar mykorhizaen sine vertsplantar ved å produsere ulike gifter som held bakteriar og andre soppar undå. 

Mykorrhiza og trær

Enkelte trær kan ikkje overleve utan dette samspelet. Eit av dei mest kjende eksemplane er frå Puerto Rico. På 1950-talet gjorde ein mange forsøk på å plante furutrær. Trea sto og visna i eit par år før enn dei til slutt døydde. Gjødsling var fånyttes. I 1955 vart det henta jord frå trær i Nord Carolina som vart brukt til å inokulere såjorda. Stiklingane utan inokulering visna vekk og døyde, medan inokulerte stiklingar treivst. 

Dette er ikkje ei tilfeldig hending: ei liknande historie hendte i Alaska på 1970-talet. Det vart gjort mange forsøk på å importere stiklingar av lønnetrær (Acer), utan å lykkast. Eit dusin trær vart ved tilfelle sendt med jord (uhøyrt dyrt med flyfrakt), og desse greidde seg fint. Ved hjelp av mykorrhiza er lønnetre handelsvare i Alaska i dag.

Dette samsvarar med eigenerfaring: vi sådde lønnetrær frå frø, stelte fint med dei, og planta trea kring på garden. Trea døydde ikkje, men veksten sto nesten stille. Etter å ha stura i 11 år, vart jorda ikring lønnetrea inokulert. Veksten dobla seg dei 2 neste åra! 

ekst med sopprot
På dette bildet ser vi eit tre som brukte 11 år på å vekse 38 cm. 2 år etterpå er treet 90cm!

Mykorrhiza i moderne hagebruk og landbruk

Mykorrhiza veks i lange tynne trådar i jorda, og vil helst få ligge i ro. Når vi snur om på jordsmonnet, bryt vi desse trådane frå kvarandre, og drep mykorrhizaen. Sjølvsagt blir proteinet frå den døde soppen resirkulert i næringskretsen, men plantene mistar ein viktig fylgjesvenn. Å så mykorrhiza-sporer saman med plantene kan vera ein måte å kompensere dette på. 

Vi har sjølve erfart kor vanskeleg det kan vera å få tak i rette type mykorrhiza til rette type vekst. Vi er derfor i ferd med å etablere forhandlaravtale med eit par ulike produsentar. 

Dersom dette kan vera av interesse for deg, vil vi gjerne høyre frå deg!