Velkomen inn i vår verd!

Vi har eit lite småbruk på 16 mål, plassen vår ligg
650 moh på indre Austlandet. Vi er tett oppunder Jotunheimens
tindar,  i ei nordhelling
med klimasone 7.  

Trass dette har vi lukkast med å etablere vår eigen rosehage her oppe i fjellet! Fordelen med vårt klima er at vi har eit snørikt vinterdekke som gir isolering og vern for mange plantetypar. Særleg buskvekstar er váre for vårtemperaturen, men vi har lykkast med plantar for langt lågare klimasoner. Vi har bygd eit drivhus der vi i tillegg til tomatar har både druer og fiken

Elles dyrkar vi fram både bær og grønsaker, men også grantre, lønn, lerk og pil.  Vi produserer vår eigen kompost, og vi produserer også eige biokol som vi tilfører komposten.  Vi skil mellom grønkompost og brunkompost, og prøver å «skreddarsy» spesialkompost som er tilpassa dei ulike vekstar vi har på småbruket. 

Utgangspunktet vårt er eit bureisingsbruk med nokså skrint jordsmonn. Målet vårt er  gradvis å bygge opp eit bærekraftig, fruktbart hagebruk. Vi forsøker å oppnå jordforbetring utan tilsetting av kunstgjødsel, og med begrensa tilgang på naturgjødsel. Målet er å legge forholda til rette for at jorda sjølv skal klare å bygge seg opp på ein naturleg måte.

Ved bruk av minst mogeleg spade, og mest mogeleg naturleg tilsetting av eigenprodusert kompost, eigenprodusert biokol og mykhorizza, ynskjer vi at jorda sjølv skal klare å bygge seg opp til ein sjølvgjødslande organisme.  Draumen er å drive småbruket vårt på ein måte som tek vare på jorda i staden for å utarme han slik moderne industrielt jordbruk gjer. 

Vi er ikkje utdanna gartnarar, og sit dermed ikkje på førehandslærte fasit. Det meste vi skriv om her er basert på erfaringar, våre eigne og venners. Vi har lest mange fagbøker innan dei ulike tema, og forsøkt å krysskontrollere opplysningane, men ulike aktørar kan koma med ulike svar. 

Målet vårt er å dele vår interesse og vår hageglede med andre entusiaster. Meld deg på for å få ei oppdatering om våre komande kurs! 

Trass dette har vi lukkast med å etablere vår eigen rosehage her oppe i fjellet! Fordelen med vårt klima er at vi har eit snørikt vinterdekke som gir isolering og vern for mange plantetypar. Særleg buskvekstar er váre for vårtemperaturen, men vi har lykkast med plantar for langt lågare klimasoner. Vi har bygd eit drivhus der vi i tillegg til tomatar har både druer og fiken.

mobilegrapes

Elles dyrkar vi fram både bær og grønsaker, men også grantre, lønn, lerk og pil. Vi produserer vår eigen kompost, og vi produserer også eige biokol som vi tilfører komposten. Vi skil mellom grønkompost og brunkompost, og prøver å «skreddarsy» spesialkompost som er tilpassa dei ulike vekstar vi har på småbruket.

Utgangspunktet vårt er eit bureisingsbruk med nokså skrint jordsmonn. Målet vårt er gradvis å bygge opp eit bærekraftig, fruktbart hagebruk. Vi forsøker å oppnå jordforbetring utan tilsetting av kunstgjødsel, og med begrensa tilgang på naturgjødsel. Målet er å legge forholda til rette for at jorda sjølv skal klare å bygge seg opp på ein naturleg måte.

Ved bruk av minst mogeleg spade, og mest mogeleg naturleg tilsetting av eigenprodusert kompost, eigenprodusert biokol og mykhorizza, ynskjer vi at jorda sjølv skal klare å bygge seg opp til ein sjølvgjødslande organisme. Draumen er å drive småbruket vårt på ein måte som tek vare på jorda i staden for å utarme han slik moderne industrielt jordbruk gjer.

Vi er ikkje utdanna gartnarar, og sit dermed ikkje på førehandslærte fasit. Det meste vi skriv om her er basert på erfaringar, våre eigne og venners. Vi har lest mange fagbøker innan dei ulike tema, og forsøkt å krysskontrollere opplysningane, men ulike aktørar kan koma med ulike svar.

Målet vårt er å dele vår interesse og vår hageglede med andre entusiaster. Meld deg på for å få ei oppdatering om våre komande kurs!

Ingen er barn av i dag.
Du er barn av dei tusen år.
Djupt gjennom lag etter lag-
røtene går.

-Knut Hauge

Ingen er barn av i dag.
Du er barn av dei tusen år.
Djupt gjennom lag etter lag-
røtene går.

-Knut Hauge