Biokol

Nøkkelen til
ei ny tid 

Biokol

Klimaendringar er ei av dei største utfordringane i vår tid, og trass all politisk velvilje, så aukar CO2 mengdene i atmosfæren. Ei anna stor utfordring i dag er den utarming av jorda som industrielt jordbruk medfører. Båe desse faktorane kan truge eksistensen til menneska på jorda.   

Biokol kan vera ei av løysingane til desse utfordringane – og attpåtil ei lågteknologisk løysing som mange kan ta del i. "Mange bekkar små" kan vera med på å endre framtida!  

Men kva er så Biokol?  – kor kjem det frå?  – og korleis verkar det?   

_BO16914
Med hjelp av biokol har vi no fått ein luftig og feit jord, stappfull av meitemark. 

Terra Preta

I nyare tid vart tjukke lag med svart jord oppdaga i regnskogen i Amasonas. Ved nærare ettersyn fann dei ut at dette ikkje var naturleg jord, men menneskeskapt. Dei som levde i området laga denne jorda av ei mengd ulike materiale; brent leire, menneske- og husdyrgjødsel, fiskeslo, slakteavfall og kjøkkenavfall, aske, kompost, og ikkje minst store mengder trekol. Det er funne inntil 15% karboninnhald i jorda.    

Terra preta har ulik samansetjing utifrå dei som budde på dei einskilde stadane, men felles er at denne jorda framleis er svært fruktbar, og at han synest å vera evigvarande utan tilleggsgjødsling.  Forskarane arbeider framleis med å finne ut korleis terra preta fungerer i detalj; det er mange komponentar som er i samspel. Einskilde forskarar meiner at det kan ta inntil 100 år for terra preta å bli fullt utvikla.   

Eit sentralt element er den rolla som biokol spelar. Ved å tilføre biokol, blir sjølve konsistensen i jorda endra. Biokolet er som ein svamp; ein får både meir luft i jorda, på same tid som jorda held betre på vatn. Den viktigaste funksjonen for biokolet er å gje husrom til mikrobar; nærast som eit korallrev  som aukar biomangfaldet i jorda. Dermed kan mikro-organismane inngå i eit samspel med nyttevekstane. Det blir påstått at denne symbiosen kan gje mange gonger større avlingar, i tillegg til betre plantehelse.  

_BO17345

Kol

Pyrolyse er den prosessen der ein brenn materie med lite tilført oksygen. Det som då står att er stabile karbonforbindelsar. Ved høgare temperaturar blir dette brukt til å handtere problemavfall, så som brukte bildekk eller kloakkslam. Sluttproduktet speglar råmaterialet, og restar av tungmetaller og andre kjemikaliar frå t.d. kloakkslam vil finnast i kolet. Dette vil vi helst ikkje ha med i hagen vår.  

Trekol er cellulosemateriale som er pyrolysert; dvs. brent med liten oksygentilgang. Karboniseringa 
tek til frå 300°C. Ei ulempe ved så låg temperatur, er at det tek lang  å produsere kol. Ved høge temperaturar;  over 800°C – går prosessen svært raskt, men då blir alle flyktige forbindelsar - tjærestoff, gassar og aromatar –  brent vekk. Resultatet er tilnærma reint karbon; dette kjenneteiknar grillkol 

Kva er Biokol?

Biokol blir helst laga ved lågare temperaturar enn grillkol. Det blir då danna lange karbonmolekylar som er stabile over lang tid. Det blir også danna store mengder av små holrom til mikroorganismane. Ved å bruke lågare temperatur unngår ein å brenne vekk tjærestoffa som kan bli mat for bakteriane som skal kolonisere kolet. Desse tjærestoffa er essensielle ved mikrobane si kolonisering av kolet. Ei mikroskopisk hinne gir både fotfeste for mikrobane, men er også eit matlager under prosessen.   

Biokol som er laga frå gran eller furu, og som er brent ved svært låge temperaturar (mindre enn 500°C) kan vera syrlege, medan ved den temperaturen som vi nyttar, vil det vera nøytralt / svakt basisk. Dette kjem til dels av at ved denne temperaturen får ein eit større innslag av aske, noko som aukar pH verdien.

I motsetning til lauv, torv og kompost, blir biokolet verande i jordsmonnet sidan 
mikroorganismane har vanskeleg for å bryte det ned. Det betyr at karbonet som biokolet består av, i liten grad forsvinn ut att som karbondioksyd til atmosfæren. Vanlegvis reknar ein at dette karbonet blir lagra i minst 1000 år.  

Korleis verkar biokol på jordstrukturen?

Biokol endrar jorda på mange måtar; som nemnt tidlegare, får ein både lettare og luftigare jord, samt at jorda held betre på vatnet. 

I tillegg trekkjer dei svarte fargestoffa i kolet til seg meir varme– eit pluss i vårt nordlege klima. Den viktigaste funksjonen er at kolet fungerer som eit korallrev for mikroorganismar, og dermed aukar aktiviteten.  

Mikroorganismar

Soppar, bakteriar og mikroorganismar inngår i eit innvikla samspel med planteriket. Medan plantene baskar seg i sollyset, og på den måten lagar store mengder med karbohydrat gjennom fotosyntesen, så trivst dei fleste sopp og bakteriar i mørkret under jorda. Ulike sukkerarter frå plantene blir bytta mot nitrogen og mineralar. På same måte som våre eigne tarmbakteriar, så får plantene hjelp til å «fordøye» næringsstoffa i jorda. Saman med sopparten Mykorrhiza er desse fundamentale i næringsopptaket for planta. 

Inokulering av biokol

I denne samanheng betyr inokulering å setje inn nytt liv. I utgangspunktet er biokol sterilt – varmen frå pyrolysen har drept alt liv. Utan å setje til nytt liv, vil biokolet fungere som ein negativ gjødsel. Dette kjem av at næringsstoff og mikroorganismar strøymer til for å kolonisere «korallrevet», i staden for å samhandle med plantene.  

Rosebed ved porthuset
Dette bildet er fleire år gamalt, men syner korleis blomstrane no trivst  

Vi gjorde denne grunnleggjande feilen fyrste gong vi skulle prøve ut biokol. Med lite vet og dårleg tid blanda vi saman grillkol, kukompost og vatn, lot denne vellinga stå over natta før vi blanda det med næringsfattig jord. Deretter planta vi rosebuskar og håpa det beste.   

Resultatet var ein karikatur av eit rosebed; rosebuskane såg ut som våte kattar i 2 år før enn effekten av biokolet gjorde seg gjeldande. Etter denne lange innleiinga, har jorda stabilisert seg. Vi har ikkje gjødsla rosebedet sidan etableringa i 2010, men vi tilførte eigenlaga kompost for fyrste gong i år, 8 år etter etablering! 

Måtar å inokulere biokol

Det klassiske rådet for inokulering av biokol er å leggje det i kompost-te i ein 14 dagars tid. Dette krev at ein har tilgang på fersk, god kompost-te. Samstundes må ein sørgje for tilgang på luft, slik at ein unngår anaerobe (rotnande) bakteriar.  Vi har vald å blande biokolet inn i komposten, og la bakteriane finne vegen sjølv.

Vi har gjort om ein brukt mjølketank til komposttrommel. På denne har vi montert ein elektromotor, samt trykkluftsinntak. Under rotering av komposten  bles vi inn trykkluft for å sikre god kompostering. På slutten av komposteringsprosessen blandar vi inn mellom 10 og 25% biokol før vi slepp komposten ned i eigen kompostkjellar.   

I løpet av ein sumarsesong produserer vi fleire kubikkmeter med «rå» kompost. Denne blir liggande i kompostkjellaren for å godgjera seg over vinteren. Om våren siktar vi den ferdige komposten før bruk i hagen.

kompost maskin
ser på kompostbunke
Her ser vi restene av fjorårets kompost - den er lett og luftig og grei å handtere

Måtar å inokulere biokol

Det klassiske rådet for inokulering av biokol er å leggje det i kompost-te i ein 14 dagars tid. Dette krev at ein har tilgang på fersk, god kompost-te. Samstundes må ein sørgje for tilgang på luft, slik at ein unngår anaerobe (rotnande) bakteriar.  Vi har vald å blande biokolet inn i komposten, og la bakteriane finne vegen sjølv.

kompost maskin

Vi har gjort om ein brukt mjølketank til komposttrommel. På denne har vi montert ein elektromotor, samt trykkluftsinntak. Under rotering av komposten  bles vi inn trykkluft for å sikre god kompostering. På slutten av komposteringsprosessen blandar vi inn mellom 10 og 25% biokol før vi slepp komposten ned i eigen kompostkjellar.   

I løpet av ein sumarsesong produserer vi fleire kubikkmeter med «rå» kompost. Denne blir liggande i kompostkjellaren for å godgjera seg over vinteren. Om våren siktar vi den ferdige komposten før bruk i hagen.

ser på kompostbunke
Her ser vi restene av fjorårets kompost - den er lett og luftig og grei å handtereProduksjon av eige biokol

Produksjon av eige biokol

Frå gamalt av vart kol produsert i kolmiler, dvs. treverk som blir lagt i haug, dekka med jord, og satt fyr på. I store delar av verda blir kol framleis laga på denne måten. Denne metoden lagar store mengder røyk, som medfører stor lokal forureining. Denne prosessen er svært arbeidskrevjande, og i tillegg oppnår ein ikkje meir enn frå 8 til 18% kol frå brenninga. Dessutan er det lite kontroll undervegs; går det galt blir all arbeidsinnsats brent bort.  

Bruken av grillkol er heller ikkje utan problem. For å sikre rask produksjon blir det brukt høge temperaturar. Ser vi bort ifrå denne grunnleggande feilen, så gjer temperaturen at kolet blir hardt og vanskeleg å knuse. Grillkolet kjem i store stykke, medan bakteriar er umåteleg småe, så eit stort kolstykke er mest som ein jordklode for dei.  

Det er mange faktorar som må falle på plass når ein skal brenne biokol: partikkelstorleik, brennetemperatur, og ikkje minst det ferdige utbyttet frå brenneprosessen.   

Til sjuande og sist er det ein god porsjon handelag – dette kan ein berre oppnå gjennom å prøve og feile. Etter å ha leita og prøvd oss fram i fleire år, har vi funne ein måte som vi meiner lagar det beste biokolet til hagebruk. Gjer ein det på rette måten, så står ein att med 60-70 liter biokol utifrå eit 220 liters stålfat.  Dette blir om lag 30% kol, og reknast for å vera eit godt resultat.  

Kurs i å lage biokol til eigen hage 

Etter kvart er det mange som har uttrykt at dei ynskjer å vera med på «heimebrenninga» vår. Derfor held vi på å utarbeide eit kursopplegg som er transportabelt, og som vi kan ta med oss kring i landet. Tilbakemelding om interesse vil avgjera reiseruta for kursa våre.

Tanken vår er å begynne reisa i kystnære strøk i slutten av februar / byrjinga av mars 2018, slik at folk kan bli kjent med dette i god tid før enn våronna tek overhand.

Kan dette vera av interesse for deg?

Ta gjerne kontakt med oss, så kan vi sjå om vi kan møtast utpå nyåret!