God Jord

GODT LIV

Velkomen til God Jord

Vi er to hageentusiastar som har som mål å drive fram ein berekraftig hage.

Vårt bidrag

Å ENDRE VERDA MED VÅRE SMÅ STEG

Biokol er eit godt alternativ som løyser mange av utfordringane som hagebrukarar møter idag. Om du ynskjer å forbetre hagejorda, er Biokol eit eineståande miljøvenleg produkt som kan produserast til svært låge kostnader.

I fleire år har vi søkt over heile internettet for å finne informasjon og forsking om biokol. Vi har prøvd og feila, og leita oss fram til ein rimeleg metode som gir høgaste kvalitet Biokol. Resultatet er ein hage som er meir produktiv enn nokon gong. På same tid som vi har bygd opp levande jordsmonn med stor bakteriell aktivitet og plantevekst, så har vi fått til aktiv karbonfangst. På denne måten gjer vi vårt bidrag til å snu klimaoppvarminga.

Biokol

  • har  unik eigenskap som jordforbetrar 
  • gir luftigare struktur på jorda 
  • suger til seg fukt og verkar som eit deponi for vatn 
  • mørkare jord tek til seg meir solvarme – viktigt her i nord 
  • kan gjera bruken av kunstgjødsel overflødig 
  • aukar den mikrobiologiske aktiviteten i jorda 
  • bygger opp skrinn- og øydelagt jord 
  • aukar næringsopptaket hjå plantene 
  • aukar produksjon av biomasse  
  • hindrar utvasking av næringsstoffar 
  • aktivt bidrag til karbonfangst – DU kan gjera ditt for å snu klimautviklinga

Vårt hovudfokus

Bruken av Biokol i din hage

Mange har uttrykt at dei ynskjer å vera med oss og lære meir om Biokol. Vi har derfor utarbeida eit transportabelt kursopplegg som vi kan ta med oss kring i heile landet. Kursa vil ta for seg utstyr og metodar som vi brukar for å lage Biokol, og korleis vi brukar denne i hagen. Vi vil ha med utstyr og råvarer, slik at alle kursdeltakarar får vera med på å lage biokol. Resultatet frå brenninga kan deltakarane få med seg heimatt. 

Tanken vår er å begynne reisa i kystnære strøk i slutten av februar / byrjinga av mars 2018, slik at folk kan bli kjende med dette i god tid før enn våronna tek overhand. I vekene framover vil vi setja opp reiserute og tidsplan for kursa. Kan dette vera av interesse for deg? Skriv inn namn og e-post i feltet under, og vi vil sende deg oppdatering så snart detaljane er fastsette. 

Dette er ein unik sjanse til å få fyrstehands erfaring med tillaging av Biokol. Kapasiteten avgrensar talet på delatakarar på kvart kurs. Deltakarar vil bli prioritert utifrå når vi har motteke påmelding. Vi vil halde av plass for dei som skriv seg på for oppdatering, så det er ingen grunn til å nøle! 

Meld deg på for å få ei oppdatering om våre komande kurs! 

two

Målet vårt er å dele vår interesse og vår hageglede med andre entusiastar! 

Velkomne inn i vår verd !